Her er det høve til leik og samvær med andre barn og vaksne. Det er samlingsstund kvar dag, der alle kan delta. Den er ca. 10.30.

Etterpå kan ein eta medbrakt mat, og drikke blir servert.

Det er mange formingsaktivitetar i barnehagen. Her legg personalet til rette for at at foreldrene skal lett kunna hjelpa borna sine.

Alle foreldre/vaksne er medansvarlege for å skapa eit godt og inkluderande miljø i barnehagen. Dette inneber at alle viser interesse for barn og vaksne som går i barnehagen. Når nye folk kjem til, er det fint at dei blir møtt på ein vennleg måte, og at ikkje nokon "snur ryggen til".

Om ein ikkje snakkar same språk, kan ein likevel vera høflege og vennlege mot kvarandre.

Kaffe, te: kr 5 pr dag. Barnehagen følger skolens ferier og fridager.

Vel møtt til eit nytt og spennande barnehageår!

http://www.minbarnehage.no/brynelunden

Kilde: www.minbarnehage.no