Helsestasjon gjev eit gratis tilbod til gravide, til alle barn i alderen 0 - 5 år og deira familiar.

Helsestasjon ønskjer å vera ein stad der foreldre kan koma med små og store problem i kvardagen. Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet. Helsesøster ved den enkelte skule har ansvar for skulehelsetenesta. Skulelegen er medisinsk fagleg ansvarleg for tenesta.

Se åpningstider.

Helsestasjon har som formål å: - Fremja psykisk og fysisk helse - Fremja gode sosiale og miljømessige høve - Førebyggja sjukdommar og skader

Vi gjev tilbod om: - Svangerskapskontrollar - Heimebesøk - Helseundersøking, rettleiing og rådgjeving om barn si utvikling - Støtte og rettleiing i foreldrerolla - Vaksinasjon - Barselgrupper - Tverrfagleg samarbeid - Støtte og hjelp til barn / familiar med spesielle behov

Ved helsestasjon arbeider: Jordmor, helsesøster, helsesekretær, lege og fysioterapeut

Kilde: www.time.kommune.no